logo
logo logo logo
Års- og medlemsmøte 2015

Års- og medlemsmøte 2015

Avdelingen hadde årsmøte og medlemsmøte på Kviknes Hotell i Balestrand 3.- 4. mars.

​33 medlemmar deltok på årsmøtet. Tore Thorsnes (Fylkesdirektør NAV Sogn og Fjordane), Ellen Njøs Lillesvangstu (Direktør for NAV Økonomiteneste), Hilde Iren Rivedal (Direktør for NAV Forvaltning Sogn og Fjordane), Frode Hovland (Direktør for Hjelpemiddelsentralen i Sørvest) og Vibeke Johnsen (Direktør for NAV Kontaktsenter Sogn og Fjordane) var invitert for å dele sine tankar om «NAV inn i ei ny tid». Tore Thorsnes kunne ikkje koma, avdelingsleiar Grete Bråten representerte derfor fylket. Ellen Njøs Lillesvangstu var òg forhindra frå å møte, så seksjonssjef Jarle Selseng kom for NAV økonomiteneste. Alle fem einingane var dermed representert. Alle hadde eit stort fokus på «eitt NAV», og tema for innlegga var «NAV inn i ei ny tid». Det vart 3 spanande og lærerike timar.

Øyvind Randmæl og Per Jørgen Halvorsen var med frå AVYO sentralt. Dei snakka om tema som «Kva skjer i AVYO sentralt», «Ekspertutvalet», «Inkluderande arbeidsliv», «Hovudtariffavtalen» og «Andre lov og avtaleverk i staten».

sognogfjordane2N

Førelesarane frå årsmøtet – avdelingsdirektørane frå dei ulike styringslinjene
FV: Frode Hovland (Regionsdirektør HMS, region vest), Vibeke Johnsen (direktør for kontaktsenteret Sogn og Fjordane), Hilde Iren Rivedal (direktør arbeid og ytelser Sogn og Fjordane), Jarle Selseng (kontorsjef i avd for ØT, vara for direktør Ellen Marie Lillesvangstu Njøs), Grete Bråten (avd.leiar Nav Sogn og Fjordane, vara for fylkesdirektør Tore Thorsnes).

Copyright © 2017 AVYO | Bruk av informasjonskapsler
Powered by Ability.NET

Menu